Regjeringa sette i 2017 ned ein domstolkommisjon, og gjorde det tydeleg allereie i mandatet at talet på domstolar skulle ned. Sidan har regjeringa framskunda den delen som gjaldt struktur til 1. oktober i år, slik at denne no er lausriven frå resten av analysen som kjem i 2020. Regjeringa forhindra stor politisk debatt om saka i ein valkamp ved å vente til etter kommune- og fylkestingsvalet, men samtidig har dei god nok tid til å gjera drastiske endringar før stortingsvalet i 2021. Det å unngå debatt før val slik er ikkje den mest sympatiske måten å styre landet på.

No ser vi at utvalet har levert på bestilling. Utvalet vil kutte dei 60 tingrettane vi har i dag til 22, i tillegg til 8 rettsstader som blir lagt under ein annan tingrett. Framlegget inneber også ein drastisk reduksjon i talet på jordskifterettar.

Ein kan jo spørje seg om det ikkje er på tide å spara pengar ved å slå saman domstolar òg. Og vil ikkje kvaliteten på arbeidet bli betre når ein fjernar dei minste? Det er heilt greitt å spørje, men svaret er nok ikkje slik regjeringa ønskjer det skal vera. For effektivisering innan eitt felt betyr ikkje nødvendigvis innsparing for samfunnet sin del - som når nedleggingar av offentlege tenester inneber å flytte transportetappar, pengebruk og tidsbruk over på andre etatar eller over på bedrifter og enkeltpersonar.

Det er ikkje noko likskapsteikn mellom samanslåingar og spareeffekt innan dei offentlege etatane heller. Politietaten har ikkje akkurat vorte meir effektiv og billigare i drift etter dei massive samanslåingane i politireforma. Budsjettet for dei ti minste domstolane utgjer 1,89 % av det totale domstolbudsjettet. Det er ikkje påvist at store domstolar er meir effektive eller har høgare kvalitet enn dei små. Det er heller slik at ulike domstolar arbeider med ulik fart og kvalitet, uavhengig av storleiken.

Det er eit paradoks at regjeringa prøver å framstille det som om dei små domstolane er mindre effektive enn dei store, samtidig som effektiviseringstiltak - slik som digitaliseringsløftet - berre blir gjennomført i dei 12 største tingrettane. Dei små domstolane fell rett og slett mellom to stolar fordi regjeringa ikkje evner å sjå verdien av den mangfaldige og gode domstolstrukturen vi har i Noreg i dag. Dette er ein del av det vi i Senterpartiet meiner er «sniknedlegging» av dei små domstolane, som har vorte gjennomført over fleire år fram til rapporten til Domstolkommisjonen no vart lagt fram og i verste fall startar ein større sentraliseringsrunde.

Vi i Senterpartiet er heilt tydelege på at ei massiv sentralisering av domstolane, inkludert jordskifterettane, er uaktuelt. Nærheit til tenestene og ein aktiv stat er viktig i heile landet, og gode rettstenester og rettsikkerheit er grunnleggjande viktig.

Klikk for kommentarer
Vi inviterer deg til å dele informasjon, argumenter og synspunkter. Vi ønsker fullt navn, noe som gjøre det mer interessant for andre å lese det du skriver. Vi vil ikke ha trakassering, trusler eller hatske meldinger på våre nettsider. Falske profiler blir utestengt. Vi setter pris på at du holder en saklig og respektfull tone. Husk at mange leser det du skriver. Vennlig hilsen redaksjonen. Les mer om vår moderering ->her
Facebook-kommentarer:

Våre journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.