Kommune- og fylkestingsval, og eg står på lista. Lista til Eidsvoll SV og lista til Viken SV. Så flott at du stiller! Dette er den vanlegaste kommentaren eg får, og det er hyggelegt.
Dei meir nysgjerrige spør gjerne, - kvifor Sosialistisk Venstreparti, SV?
Ikkje så lett å svara kort og konsist. SV er jo ikkje noko einsaksparti! Vel, eg forsøker:
Solidaritet. Vi har eit godt velferdssamfunn. Men dette har ikkje kome av seg sjølv. Grunnpilaren er tillit. Tillit avheng av at det er små forskjellar mellom folk. Nå aukar forskjellane. Det er urovekkande. Fagforeiningar og venstresida i norsk politikk har kjempa fram arbeidsmiljølov, rett til gratis vidaregåande opplæring og rett til rimeleg barnehage for alle born. Solidariske ordningar som ikkje må byggast ned, men vidareutviklast. Det krev at dei som har mest bidrar med mest til fellesskapet.
Ta vare på kloden. Vi står framfor ein lenge varsla klimakatastrofe. Brenning av olje, kol og gass er årsaka (minst 70 % anslår forskarar). Norge er medskuldig. Vi må få på plass ein forpliktande plan for nedbygging av oljeverksemda. Punkt ein er å slutta å leita etter meir olje. Menneske lever av naturen. Av dyrka mark, av beite, av fiskeressursar. Og vi er ein del av naturen. Natur har verdi i seg sjølv og må forvaltast med fagleg innsikt og etter dei beste tradisjonar.
Rett til ulike liv. Kjønn, etnisitet og legning skal ikkje avgrensa liva til folk. Alle skal ha same mogelegheiter. Mangfald er ein styrke. Samfunnet skal ha plass til alle. SV er eit feministisk parti. Vi erkjenner at det finns haldningsmessige og organisatoriske tilhøve som avgrensar underrepresenterte grupper sine mogelegheiter til yrke, samliv og samfunnsliv.
Nedfelt i lokal politikk betyr dette at vi må oppmuntra folk til å organisera seg. Sterke fagforeiningar trengs for å halda i hevd og vidareutvikla velferdsstaten, og for å hindra utnytting av svake grupper i ein tøff arbeidsmarknad.
God lokal klimapolitikk
Kommunane er kanskje den aller viktigaste tenesteytaren. Men mange kommunar slit med å få endane til å møtast. SV meiner eigedomsskatt er ein av dei mest solidariske skattane vi har, og kan være nødvendig for å gi innbyggarane gode nok tenester.
God lokal klimapolitikk betyr meir kollektiv transport, meir sykkel og gange, mindre bilkøyring. God forvalting av naturen betyr å ta vare på dyrka mark, verna viktige leveområde for planter, sopp og dyr, og skapa gode tilhøve for eit givande og helsefremmande friluftsliv.
Å leva det livet ein ønskjer fordrar eit mangfaldig kulturliv, varierte bustader, gode møteplassar og storsinna og gode skular og barnehagar. Og ikkje minst, - eit variert næringsliv. Arbeid er viktig! Kommunar og fylke må arbeida saman for å få dette til.