Det kjem stadig rapportar om at folk ikkje får tak i politiet på telefon.

Dersom nokon vil melde frå om ei kriminell handling og ringjer nødnummeret 112, får dei skarp beskjed om at dei har ringt til feil nummer og blir bedt om å ringje 02800.

RIMELEG TID

Dette er forståeleg. Sjølvsagt vil politiet at folk berre skal ringje 112 når det verkeleg står på. Problemet er berre at folk ikkje kjem gjennom i rimeleg tid på politiets nummer 02800. For enkeltpersonar som oppdagar alvorlege kriminelle handlingar, kan det dessutan vera vanskeleg å vurdere kva nummer som eignar seg best å ringje i den gitte situasjonen.

Då er det uakseptabelt at det ikkje er raskt svar å få på nummer 02800. Særleg fordi den såkalla nærpolitireforma skulle sørgje for meir tilgjengeleg politi i heile landet.

Den blå-blå regjeringa og stortingsfleirtalet vedtok i 2015 ei reform som innebar at om lag 125 lensmannskontor etter kvart skulle leggjast ned. Med langt fleire politipatruljar og betre organisering av etaten skulle politiet likevel bli nærare og meir tilgjengeleg. Dette har ikkje skjedd, og det er ingen grunn til å tru at det vil skje heller. Samtidig som dagens regjering forsvarer ei massiv nedlegging av lensmannskontor, forsvarer dei at det ikkje har kome nemneverdig fleire politipatruljar på plass.

tida for å få svar aukar

Fleire politidistrikt slit med bemanninga. Snart skal òg passtenesta flyttast langt vekk frå mange lokalsamfunn. Utviklinga går i ei retning: Avstandane til politiet og tida for å få svar aukar.

Vi i Senterpartiet godtek ikkje dette. Politiet må få betre kapasitet til å ta i mot telefonar frå publikum. Vi ønskjer å sørgje for nok ressursar og ei organisering som sikrar at innbyggjarar i heile landet får eit nært og tilgjengeleg politi.

Klikk for kommentarer
Vi inviterer deg til å dele informasjon, argumenter og synspunkter. Vi ønsker fullt navn, noe som gjøre det mer interessant for andre å lese det du skriver. Vi vil ikke ha trakassering, trusler eller hatske meldinger på våre nettsider. Falske profiler blir utestengt. Vi setter pris på at du holder en saklig og respektfull tone. Husk at mange leser det du skriver. Vennlig hilsen redaksjonen. Les mer om vår moderering ->her
Facebook-kommentarer:

Våre journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.