Bruken av bokmål og nynorsk i det nye storfylket har enno ikkje blitt diskutert i samanslåingsprosessen for Viken.

Dette er eit viktig punkt som må opp på agendaen. Samanslåingsnemnda må ta omsyn til språkmangfaldet i det nye storfylket. I dag har Buskerud og Akershus valt nøytral målform, mens Østfold har bokmål. Viken får tre nynorskkommunar: Ål, Gol og Hemsedal. Dermed bør målform «nøytral» også vera eit rett val for storfylket som heilskap. Men berre å kalle eit fylke «språknøytralt» er dessverre ingen garanti for det språklege mindretalet skal få bruke og møte språket sitt i kommunikasjonen med fylket. Eit «nøytralt» Viken kan lett bli ein rein bokmålsregion dersom det ikkje blir laga ein plan for språkbruk.

Frå 2020 får storfylket eit ansvar for å ta vare på nynorsktradisjonen som finst i kommunane i Hallingdal, men også for å legge til rette slik at det blir lett å vera nynorskbrukar alle stader i fylket.

BEGGE MÅLFORMER

Det skal ikkje vera vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Viken fylke, verken som brukar av tenester, som tilsett eller som elev i vidaregåande skule. Begge målformer må vera synlege og med i ein kommunikasjonsplan. Det handlar om identitet for veldig mange. Synleg bruk av nynorsk skriftmål i det nye fylket blir òg eit viktig ryggstø for dialektane som jo er svært utsette mange stader. Stortingsmeldinga «Mål og meining» i 2008 slo fast at i alle offentlege tiltak skal ein ta omsyn til dei behova som nynorskbrukarane har.

Denne haldninga går igjen i Jeløy-plattforma frå den nye regjeringa: «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk.»

I samanslåingsprosessen vi nå har framfor oss, må fylkespolitikarane våre vise at dei har skjønt desse føringane. Enkelt sagt må det bli like lett og sjølvsagt å skrive nynorsk som bokmål i det nye, store fylket Viken.

Klikk for kommentarer
Vi inviterer deg til å dele informasjon, argumenter og synspunkter. Vi ønsker fullt navn, noe som gjøre det mer interessant for andre å lese det du skriver. Vi vil ikke ha trakassering, trusler eller hatske meldinger på våre nettsider. Falske profiler blir utestengt. Vi setter pris på at du holder en saklig og respektfull tone. Husk at mange leser det du skriver. Vennlig hilsen redaksjonen. Les mer om vår moderering ->her
Facebook-kommentarer:

Våre journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.