Mange meinar at det aldri vert jugd so mykje som før valet og etter jakta – so før ein tek turen til urnene kan det være lurt å ta ei kikk i bakspeilet for å sjekke om lovnadene som vart gitt for fire år sidan er oppfylt! Ikkje at ein skal dvele lenge med historia – den får ein ikkje gjort noko med, men det gjer i alle fall ein peikepinn på om dei du gav stemma di sist har hold ord og fortener den på ny, eller om det vert Senterpartiet i år!

For fire år sidan gjekk Senterpartiet til val på å:

  • oppretthalde Nannestad som sjølvstendig kommune
  • sikre innbyggarane gode velferdstilbod,
  • jobbe for ein sterk og trygg kommuneøkonomi,
  • sikre tilstrekkeleg barnehagekapasitet og bygge nye barnehagar i takt med befolkningsveksten
  • styrke helsesøstertenesta for å gje eit betre tilbod innan psykisk helse blant born og ungdom,
  • jobbe for at Nannestad skulen har eit godt læringsmiljø - Senterpartiet satte skulekapasitet og skulestruktur på agendaen
  • utvide dagens tilbod og ressursar til eldre ved å bygge omsorgssenter i tilknyting til sjukeheimen
  • legge til rette for nye næringsområder og enkel etablering i kommunen
  • jobbe for at framtidig vekst ikkje går på bekostning av dyrka mar
  • auke totalt jordbruksareal gjennom å stimulere til deponiområder og nydyrking
  • legge til rette god merking og rydding av friluftsområder og skiløyper
  • jobbe for utredning og bygging av svømmehall
  • etablere fleire ladestasjonar for el-bil i Nannestad sentrum
  • jobbe for eit godt og variert kulturtilbod, samt legge til rette for eit godt idrettsmiljø for unge og vaksne
  • følgje opp trafikksikkerhetsplanen med fokus på gang og sykkelvegar, spesielt strekningen mellom Preståsen og Beverveien.

Det er nok også desse sakene som vil stå att og prege Nannestad etter den fire års perida me har bak oss, og det syner at Senterpartiet er eit ansvarleg parti, som held ord og som folk kan stole på at gjennomfører - dette er nok mykje av grunnen til at det bles ein grønn SP-vind over Nannestad og Romerike ellers om dagen!

Sjølvsagt har ikkje Senterpartiet fått til alt dette aleine, dette har me klart saman med posisjonen – dei som har det politiske fleirtalet i kommunestyret. Godt samarbeid og lange diskusjonar ligg bak eit slikt resultat, men også hardt og godt arbeid frå kommunens administrasjon for å utarbeide gode beslutninggrunnlag. Takk til våre politiske samarbeidspartnarar og vennar i administrasjonen – godt jobba!

No står eit nytt val for døra og Senterpartiet vil på ny gå til val på å oppretthalde Nannestad som sjølvstendig kommune, bevare Nannestad sin identitet, samt utvikle Nannestad til ein livsløps kommune med tenester nær folk. Det skal være trygt og godt å både vekse opp og bli gamal i Nannestad - dette betyr at ein framover må ha fokus på gode oppvekstmiljø, barnehagar, skular og sosial- og eldretenester. Dette inneberer også auka fokus på infrastruktur som breiband, kollektivløysingar, veg, vatn og avløp.

Senterpartiet ynskjer å oppretthalde eksisterande kommune struktur med fire tettstader og utvikle dei i tråd med gjeldande kommuneplan, men samstundes jobbe for at Nannestad og Maura kan sjåast under eitt.

Ein viktig føresetnad for å kunne bu ein stad er arbeidsplassar. Framover er det difor viktig å legge til rette for eit godt samarbeid med næringslivet og jobbe for fleire nyetableringar i kommunen.

I ein kommune i vekst er frivilligheit viktig. Det er difor viktig å sørge for godt samarbeidsklima mellom kommunen og dens idrettslag, lag og foreiningar for å tilby gode kulturarenaer.

Programmet for de neste fire åra legg grunnlaget for aktiv, langsiktig og bærekraftig forvaltning av kommunen, dens tenester og ressursgrunnlag. Velferden for unge, voksne og eldre sikres med gode tjenester nær folk i hele bygda.

God økonomi gir grunnlag for å takle framtidige utfordringar! Senterpartiet vil difor sørge for at vedtatte investeringsprosjekt held seg innanfor vedtatte rammer gjennom stram oppfølging og god og politisk styring.

God forvaltning av kommunen sine ressursar som skog, dyrka areal og vatn. Jobbe for å ta heile Nannestad i bruk og auke matproduksjonen lokalt – dette er både god miljøpolitikk og det er berekraftig. Det ligg i ryggmargen til ein senterpartist å forvalte god – då fører ein tradisjonar videre, samstundes som ein gjer frå seg noko som er betre enn når ein overtok det!

Sjølv om veksten i Nannestad har vore høg dei siste åra, har me hatt god kontroll på veksten. Årsaka til dette ligg i at kommuneplanen har lagt til grunn for utviklinga og på den måten har ein kunne lagt opp til ein forutsigbar utvikling av kommunen. Me har hatt mange utbyggingsområde og stor bustadreserve i alle våre fire tettstader noko som har ført til at me har unngått å sprenge kapasiteten på skular og barnehage.

Senterpartiet har lange tradisjonar i Nannestad og du kan være trygg på at me vil halde fram med å forvalte ressursgrunnlaget godt, bidra til god økonomisk styring og gjera ein god kommune å bu og leve i, endå betre, for det ligg i ryggmargen til ein senterpartist å forvalte godt – då fører ein tradisjonar videre, samstundes som ein gjer frå seg noko som er i betre stand enn når ein overtok det!

Di stemme er med på å påverke kven som skal styre Nannestad dei neste fire åra – sjølvsagt håpar eg at du stemmer Senterpartiet og heiar på oss – men det viktigaste er at du nyttar stemmeretten, uansett kva for parti du stemmer på! Ved å bruke stemmeretten er du med på å støtte opp om demokratiet vårt og du er med på å velje retning for Nannestad dei neste fire åra.

For meg er valet enkelt, da vert Senterpartiet, kva du ynskjer å stemme er opp til deg – men det burde være enkelt! Godt val!

Klikk for kommentarer
Vi inviterer deg til å dele informasjon, argumenter og synspunkter. Vi ønsker fullt navn, noe som gjøre det mer interessant for andre å lese det du skriver. Vi vil ikke ha trakassering, trusler eller hatske meldinger på våre nettsider. Falske profiler blir utestengt. Vi setter pris på at du holder en saklig og respektfull tone. Husk at mange leser det du skriver. Vennlig hilsen redaksjonen. Les mer om vår moderering ->her
Facebook-kommentarer:

Våre journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.